Urte - Berre ord
Hjem Add Om meg Kontakt

0

 

 

I kveld har eg høyrt på triste songar

Mista trua på kjærleik

No har vi slått opp i mitt hovud

Slik kjærleik alltid endar

Det er litt godt å tenke slik 

somme kveldar

Så no vil ikkje eg sjå deg

Fordi ikveld

har slått opp

I mitt hovud

Men i morgon

er vi saman igjen

I morgon går alt 

bra igjen

 

 

  • 0

     

     

    Han lyftar blikket frå papira, forventande å møte mitt. Det skjer ikkje.  

    «No må du verkeleg skjerpe deg, du held på å stryke i fleire fag.» Seier han og hevar augebryna. Panna hans vert enda meir rynkete. Eg ser på huda, den går i bølgjer på panna, medan munnen hans rører seg. Eit hav av hud. Det må vere harmonisk å drukne i det, berre verte ført vekk med straumen. Opp og ned, opp og ned.

    Han plagar meg. Hans bølgjer går ikkje i takt, det tek ulik tid mellom kvart sett med bølgjer. Opp, opp, ned, opp. Det plagar meg.  

    «Høyrer du etter? Kva er greia med deg? Du prøver ikkje, er so vidt skulen eingong!» susar det plutseleg i vinden på havet. Vinden kastar meg tilbake til klasserommet. Eg rettar på det lange håret mitt, lurar på om han merkar at eg har bleika det. Så søker eg tilflukt frå situasjonen ved å sjå på skoa mine. Nye. Nike. «Kanskje du skal heller ta å verte ein slik rosabloggar, som dei kallar seg? Verkar som du er meir til stades på sosiale medium enn i det verkelege livet.» seier han kjapt. Det ser ut som han prøver å smile utan å røre ein einaste ansiktsmuskel. Eg høyrer meg sjølv ikkje svare.

    Eg trekker ermene på toppen min lenger ned, sjølv om dei dekker nok frå før av. Berre for å vere på den sikre sida. Nei, eg treng ikkje hjelp.

    «Ser ut som vi er ferdige her. Du kan fare tilbake til timen, det er vel norsk du har no?» Bølgjene hans sluttar å bølgje og eg tek tidlegbussen heim. Bakken rømmer frå bussen. Eg rømmer frå røynda. Til Instagram.

    Skoa fekk 226 likes. Sju av familiemedlemar, ni av dei som ingen bryr seg om og 29 på grunn av «like4like» - dei likte biletet mitt fordi eg likte deira. Skoa fekk 181 likes på Instagram. Det forgje biletet fekk 231.

    Eg rettar håret. Sminka sit fast sidan morgonen, men den skal ikkje vise. Mobilen framfor andledet set fokus på håret og kroppen. Eg gjer det beste ut av det eg har; plasserer meg strategisk framfor spegelen, kastar håret litt bak ? slik det dekker føflekken på venstre skulder, dreg ermene ned i ei innøvd rørsle, pressar rumpa (ganske mykje) ut og skakkar på hovudet. Etter femten minutt klarar eg å ta eit nokolunde ok bilete. Eg har ikkje meir tid. Bileta må leggjast ut når dei fleste er på sosiale media, klokka 12, 18 og 20. Dette biletet kjem til å få ein del likes. Det er bra, sjølv om eg skulle ha hatt meir. Meir kropp og hår. Meir sjølvtillit.

    Kommentarfeltet fyller seg sakte opp med «dæili», hjarteemojiar, «hawt ;)» og ferskenemojiar. Ferskenar frå gutar og hjarter frå jenter. Perfekt balanse. 358 likes, 307 som tel. Det skal hjelpe meg gjennom i dag.

    Det bankar på døra. Tre bank: «bank, bank, bank». Det minner meg om noko. Ikkje enda, tenker eg. Eg fortset å liggje der, sløser ikkje unødvendig energi på å opne auga. Orkar ikkje.

    «Korleis har du det, vennen? Vi har vore litt bekymra for deg i det siste.», Eg kjenner ho ser på meg. Håret hennar er alltid satt opp. Eit reir. Tusen tynne, svarte hårstrå i eit reir. Kan det bu fuglar i eit reir av menneskehår?

    Mammafuglen kjem og mater sine små fugleborn i reiret av hår. Dei hyler gledeleg av å få ein matbit i kvar sin munn. Mammafuglen set seg fast i håret og klarar ikkje å kome seg laus. Ho flagrar med vengane som set seg enda meir fast. Ho hyler. Eine fugleungen prøver å redde henne, men får hårstrået rundt halsen, spyr ut maten og kvelast sakte framfor dei andre to. Andre fuglebornet prøver å flyge ut for å hente hjelp, men klarar ikkje å flyge, så det fell ned, vrikkar nakken og døyr. Mammafuglen og det tredje fuglebornet svelt ihel.  

    Nei, fuglar kan ikkje bu i eit reir av menneskehår.

     

     «Korleis har dagen din vore?» spør ho med ein klang som indikerer at ho har spurt om dette ein gong før, sikkert medan fuglen heldt på å kvelast. Dagen min har vore 307 likes, takk for at du spør. «Eg forstår at du vil slappe litt av no. Skal ikkje mase. Middagen er klar, berre så du veit det» høyrer eg, etterfølgd av lyden til ei dør som lukkast att. Eg et ikkje middag.

    Eg vaknar 12.57. For seint. Bilete av nakne leggar mellom dyna. 133 likes og eg et ikkje frukost.

    18.02, bilete av hunden min. 176 likes og eg et ikkje middag.

    20.04, bilete av solnedgangen. 154 likes og eg set fast i senga mi. Orkar ikkje å hyle.

    I dag har dagen min vore i gjennomsnitt 154 likes. Når likes er alt ein har, seier det seier meir enn tusen ord. I mitt tilfelle, er likes alt eg har att.

    Nei, menneske kan ikkje leve eit liv av likes.

     

    Det bankar på døra i gangen. Tre bank: bank, bank, bank. Det minner meg om noko.

    Eg stryk fingertuppane mine over underarma mi. Eg kjenn ei lita heving for kvart kutt som har funnet stad. Det er som å gå på fjellet, kutta er perfekt ordna, opp og ned, opp og ned. Lungene mine svelger den kalde lufta. Solnedgangen skimtast bak fjella.  

    Eg trer løkka rundt halsen og kjenner pulsen min.

     

    Den kviskrar «bank, bank, bank.»

     

     

     

     

     

     

  • 0

     

    Eg vil at du skal

    sjå mitt hus

    Ville bu her

    Verkeleg

    Men vite at du

    aldri får

    og at du

    ikkje kan

    byggje deg

    eit akkurat

    slik som mitt

     

     

  • 0

     


    Kvite veggar

    Du er min
    kvite vegg

    Rein og
    kvit

    Men veit du 
    at
    Eg har lyst til å
    tegne på 
    kvite veggar?

    og etter eg har farga dei
    kvite veggane 

    Vil eg farge dei
    på ny

    Men eg teiknar berre
    på kvite veggar

    Så no treng eg
    ein 
    ny

     

  • 1

     

     

    Om du blør

    vil eg òg

    Om du er redd

    er eg på veg

    Om du går

    skal eg følgje

    Eg skal vere den

    beste som finnast

    Slik som i bøker

    som på film

    Men først 

    må du

    eksistere

     

    Det gjer du ikkje

     

     

     

     

     

  • 0



    Eg trur at hjerna di 

    brenn

    Når du snakkar

    Du skrik ikkje

    nei, aldri

    Men eg ser jo flammer i

    auger og eg høyrer

    det brenn

    når du forklarer meg

    at eg tar feil

    Om eg hadde sluppet inn

    for mange tankar samtidig

    hadde vi

    brent saman

     

    Men no ser eg heller

    på deg

    brenne aleine

     

     

     

     

  • 0

    No veit du eg

    har sagt det

    Lavt og høgt har

    vist og eg har

    latt deg

    sjå

    Eg har forklart eg

    har skrive rett 

    fram

    Men kanskje du var døv 

    Eg sa det 

    i dag igjen

    Denne gangen forstod 

    du

    Fordi svaret ditt var å

    smile utan å bevege eit

    ansiktsmuskel.

     

    Nei, vel.

     

  • 0

    Huset er kvitt

    Men

    Malinga lausna 

  • 1


    Men kva er det eg ser i deg?
    Kvifor puttar eg mine kveldar i
    bokstavar om deg?
    Eg trur at eg gjer det 
    fordi
    Eg

    Eg veit faktisk ikkje
    kva det er eg ser i deg

    Men du fe mej til å føle
    Ting

  • 0

     

    Trur eg må 
    slutte
    Å ikkje slutte
    å snakke
    med deg

    Så imorgon
    skal eg
    slutte

    Ikkje

     

     

  • 0

     

    Plutseleg er det berre eit
    smell
    Eg ser meg rundt
    Alt er som før
    Kanskje det ikkje var eit
    smell
    Kanskje eg tolka det
    feil

    Men det heilt stille
    Etter 
    smellet
    Er alt stille
    Det går ikkje tilbake til slik det var
    Før
    smellet

    Kanskje det var eit
    smell 
    Likevel
    Fordi
    Einaste eg høyrer er

    Smellet
    Som synger i hovudet mitt
    At du ikkje er her 
    lengre

     

  • 0

     


    Eg må berre forstå
    Hardt

    At det finnast noko 
    som heite å elske nokon så
    Sterkt

    At ein må gi
    Mennesket
    tid til å

    Puste

     

     

  • 0

     

    Eg har farga håret mitt i 
    Blekk

    Eg har vaska huda mi i
    Syre

    Eg har parfymert meg med
    Eddik

    Lakka negla med
    Sprit

    Sminka leppene med
    Krit

    Berre for deg

    Sjølv om du alltid er
    Sur

    Gjer eg meg 
    Fin

    Berre for
    Deg

     

     

  • 0


    Det verkar som
    døden berre sit
    Der

    Ser på meg
    nikkar
    Smiler litt

    Og 
    Ventar

    På at eg
    skal
    Leve

    ferdig

     

     

  • 0

     

    Eg skal knuse din
    symfoni

    Eg skal gravlegge din
    lyrikk

    Eg skal skyte din
    musikk

    Slik 
    Alt du 
    Høyrer
    Er

    Berre

    Meg

     

     

  • 0

     

     

    Vert du med å symje?

    I ope hav

    Nakne

    Slik som dei gjer på film

    Dykke
    Flyte
    Klemme 
    Kysse 
    Le

    Slik som dei gjer på film

    Vert du med?
    I natt?

    Eg vil symje
    I ope hav
    Naken

    Men 

    På film

    Gjer dei det aldri 
    Aleine


    Blir du 
    Med?

     

     

     

  • 0

     

    Kvar er du?
    Du har ikkje svart
    på eit minutt

    Er du sur?
    Er du lei?
    Har eg gjort noko
    feil?

    Du må svare
    Kom tilbake

    Fordi
    Eg prøvar 
    å vere 

    I eit forhold
    med deg

     

     

     

  • 1

    Det er ikkje kaldt
    utan deg

    Det snøar ikkje
    Eg glir ikkje på isen

    Eg treng ikkje din hud
    for varme

    Eg treng ikkje dine kyss
    for å smelte

    Så ikkje tru at eg frys
    at huda mi vert til is

    Nei

    Utan deg
    Brenn eg
    Snart

    I hel

     

  • 0

     

     

    Ikkje smil
    ver så snill
    Ikkje sjå bort

     

    Eg ber
    Berre eksister
    La meg sjå
    deg 
    når du ikkje ser

     

    Kan du vere blind
    Kan du vere døv
    For dei
    ver så snill

     

    Berre ligg her
    Ikkje gå
    Ikkje lukt
    unnskyld
    Eg berre må

     

    Eg skal ramme deg inn
    utan riper
    Eg skal spikre deg fast
    Med dine ord

     

    min

     

    Ikkje smil til andre
    Ikkje sjå

     

    Ikkje prøv å
    rømme
    ver så snill

     

    Det er ikkje vits
    Eg skal aldri

     

    Aldri
      la deg
     gå

     

     

  • 0

     

    Skrik eg høgt i øra di, for høgt?
    Held handa di hardt, for hardt?
    Dreg deg nærme, for nærme?

    unnskyld

    Eg er jo redd
    Vil ikkje vere slik
    Eigentleg
    Vil eg berre vere deg

    Du veit
    Slik som du er med meg

    Spikra ikkje meg fast
    Låser ikkje meg inne
    Lèt meg gå
    Utan ei tåre

    Lær meg
    Før eg verte
    gal
    Eg kan prøve
    Det er ikkje for seint
    Trur eg


    Lær meg
    Å elske deg mindre
    Du veit
    Slik som du gjer

    med 
    meg

     

     

     

  • 0

     

    Kall meg avhengig
    For då vil du såre meg

    Eg vil du skal vite
    Eg står av meg sjølv
    Eg vil du skal høyre
    Eg syng mine songar
    Eg vil du skal sjå
    Meg gå og gå
    Utan at eg ventar på deg

    Bruk tida di vidare
    Ikkje svar

    Eg skal prøve å stå
    Eg skal prøve å synge
    Prøve å gå og gå

    Men
    Kall meg avhengig
    For det er
    Kanskje

    Sant





     

  • 0

     

     

    Av og til, kjem ho til meg.

    Finn meg i min dyne, med auga klistra saman. Ho stryk meg varsamt over ryggen og strøyer arktiske krystall over kroppen min. Krystalla dreg meg i fingertuppane og får kroppen min til å danse av kulde. Ho tar sin svarte saks og klipper tråden til drøymen eg vitnar. Trenger neglene sine under augeloka mine og river dei opp. Deretter legg ho seg så tett ved sidan av meg at eg ikkje klarer å røyre på meg. Eg veit akkurat kva som kjem til å skje.

     

    Vi veit ikkje når noko byrjar i vårt liv. Vi kan ikkje sjå det på førehand. Når noko nytt byrjar, er ikkje vi klare over det. Vi lever framleis i ein illusjon av fortida. Vi veit ikkje om det før byrjinga er over, og éin er plutseleg ein heilt ny stad.

    For meg, er byrjingane ein av dei vakraste delane av ein menneskeleg eksistens. Ei byrjing tyder ei ny reise: utenkte tankar, ukjende moglegheiter.

    Den spenninga som pregar ein ny start har nok varme til å tenne på fleire hundre hjarter, gi håp til tusenvis av hjernar og puste oksygen inn i tallause lunger. Derfor vil eg definere ei byrjing som det same som ein sjans ? sjans til å oppleve ein annleis, ukjend form av kjærleik.

     

    Byrjinga gir deg eit rom, eit brett og nokre brikker. Så forlèt ho deg. Kva gjer du vidare? Du spelar. Møter på utfordringar, vinn og tap. Tida tar deg i handa og dreg deg ut på ei reise. Nokre gongar sluttar beina å gå, henda skjelver, stemma sviker og auga druknar. Andre tider vekser det vengar på deg, henda finner andre hender å halde fast i, lepper kyssar og auga kviler. Det er på dette stadiet du snakkar så mykje fornuft at du mistar di hjerne. Det er her nokon gjer kinna dine til fargen av ditt hår. Det er her du skrik ein framand Gud sitt namn. Her vert dine drøymar stelt av sumarfuglar. Her prøver du å fylle andre sine sorger med ord du har lånt. Det er her det skjer. Definisjonen på å leve.

     

    Avslutninga. Når det er for mørkt til å sjå lyset, eller når det er for lyst til å sjå mørket. Når Gud ikkje svarar, eller når han ropar tilbake til deg. Når kjærleiken sloknar, eller når han brenn vekk.

     

     

    Av og til, kjem ho til meg. Og eg veit akkurat kva som skjer.

    Den kjensla kjem til å presse sine snølepper inntil mitt øyre og kviskre "Kva skal du gjere når din avslutning kjem?".

     

    Men dersom ho kjem til meg i natt.

    Kjem eg til å vende mitt andlet mot henne og tale. 

    "Eg er ikkje lenger redd deg. Eg skal bruke livet mitt på å skape nye byrjingar. Skape ein sjans til ein annan type kjærleik, ein kjærleik gøymt i ord og bokstavar. Eg skal skape nye liv med ein penn; byggje vengar med metaforar og teikne tårer med ironi. Eg skal verte ein forfattar, ein som gir andre fleire liv å gøyme seg i, fleire liv å forsvinne i. Fleire liv å leve.

    Og når eg vert ein, er ikkje eg redd for noko avslutning lengre."

     

    For eg skal gjere kvar avslutning til ei eng som blomstrar av nye byrjingar.

     

    Med blomar av kjærleik.

     

     

  • 0

    Meg

    Urtė Karanauskaitė

    Nynorskskribent

    (17)

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

  • 0

     

     

    Urte Karanauskaite

    E-mail: xdent@hotmail.com